torsdag 17. desember 2009

Oppussing og resirkulering

Då kan eg melde om ein revolusjon her inne på bloggen: Nytt design for første gong! Etter tips frå den hjelpsomme Anlen fekk eg endeleg knota meg til ein anna bakgrunn enn den gamle grøne. For all del, eg likar grønt, men somme tider må ein rett og slett berre endre seg. No er det kvitt og prikkar og stukkatur i taket, og eg er nøgd med bli ny-dagen. Kanskje det ikkje blir så lenge til neste gong? Og for ordens skuld, her er mirakelkuren: The Cutest Blog on the Block.

Det var oppussinga, så var det resirkuleringa. Den lilla jakka i dette innlegget er herved historie. Jakka var altfor stor, og viss eg skulle ha brukt ho offentleg måtte eg i alle fall rekke opp begge ermene. Eg innsåg at dette prosjektet ikkje var nokon suksess, men garnet likte eg framleis. Vegen var då kort til å lage ein Garter Yoke Cardigan. Mønsteret hadde eg i Knit.1 haust/vinter 2008. Garnet er Silkealpakka frå Garnstudio, og det er tungt! Veldig mjukt, rett nok. Men tungt. Heldigvis er det også varmt og godt, og passar sånn sett perfekt til denne årstida. Berre gløym at eg laga denne i august då eg teknisk sett ikkje skulle fryse så veldig. Eg er med andre ord ganske treig - hadde heilt gløymd å ta bilete av denne og dermed setje det sedvanlege prosjektpunktumet.




Eg likar så godt den utruleg enkle utsjånaden til rillestrikk. Det ser så flott ut, i alle fall med kontrastar til.




Jakka er strikka frå toppen og ned, noko som tyder ingen saumer, noko som tyder at eg er veldig nøgd! Det var eit utruleg enkelt prosjekt på mange måtar - rett og vrangt. Ferdig med det.




Eg vil tru at det er på tide å leggje seg no. Vel, på med ulltrøya - ja, det er ein grunn til at eg likar å strikke gode og varme klede ...

onsdag 16. desember 2009

Juleverkstad



Her i heimen er juleverkstaden gjennomført, og no har eg fått eit solid tilskot til julepynten. Sånn er det når ein ikkje har born som kan utstyre heimen med den naudsynte dekorasjonen til jul! Det var ei stund sidan eg har lagd slike hjartekorger, innsåg eg medan eg fikla for harde livet i starten. Men etter kvart fekk eg dreisen på det, og fekk fire fine korger.



Det var veldig hyggeleg å lage noko som gjekk litt fortare enn strikketøy ...







Eg kjøpte sjølvsagt altfor mykje papir, men då har eg i alle fall til neste år. Mesteparten av det eg trengte fekk eg faktisk tak i på Nille, der var det overraskande godt utval i scrappeutstyr, inkludert papir med julemønster. Resten av utstyret kjøpte eg på Panduro eller hadde frå før.

lørdag 12. desember 2009

Noko nytt, noko blått, noko grønt og noko varmt




No er førjulstida verkeleg her for fullt. Eg gjer mitt beste for ikkje å stresse, og eg vil seie at så langt i år har det gått veldig bra. Ei julegåve her, og ei anna ei der - det hjelp sjølvsagt at eg ikkje har så mange eg skal gi til, og at det ikkje er eg som skal diske opp ørtenogførti sortar tilbehøyr til julemiddagen, men ein må jo alltid gå ut i frå sitt eige utgongspunkt. Og mitt er eit veldig lite ambisiøst eit. :) På søndag blir det juleverkstad i heimen, så då gledar eg meg til å ha litt ny og frisk pynt hengande oppe på måndag. Eg ser fram til ein hyggeleg kveld med litt graut og gløgg! 


I tillegg er eg nyforlova, så litt meir tid enn strengt naudsynt har gått med til diverse bryllaupssider på nettet - det er ei skummel verd der ute, det kan eg love dykk! Har bestemt meg for å la inntrykka synke litt før eg tek tak i planlegginga på ordentleg, no har eg i alle fall fått ein smakebit på kva det er ein må forvente av innsats og kostnadar. Det er litt godt å berre kose seg med det i starten og unngå hardkøyret frå dag ein, synest eg. For gjett om det er kos! :)


Eg slit litt med døgnrytma for tida, så eg er framleis oppe og er ikkje det minste trøytt. Som ei lita adventsgåve har eg akkurat påspandert meg sjølv nokre alldeles herlege og flotte stoffknappar frå Etsy, det blir spennande å få dei i posten. Eg kjøper alltid knappar etter at eg er ferdig med strikkinga, kanskje neste gong kan eg velje prosjekt utifrå knappane? 


Akkurat no har eg ingen prosjekt gåande, og eg må innrømme at det er med dårleg samvit at eg sett meg ned for å sjå på TV. Det er ein aktivitet som for meg eigentleg tyder strikketid, og eg er litt dårleg på berre å late hendene liggje i fanget. Viss eg ikkje finn noko eg har lyst til å lage snart, trur eg at eg må låse godteskuffa - best å halde hendene opptekne med noko anna enn mumsing ... Eg må jo også finne prosjekt for heile jula, så dette er det nok berre å setje i gong med.


Heldigvis er eg jo med i Sockdown, så ein ting er i alle fall sikkert. I desember blir det sokkar av restegarn, og så snart eg får samla restetroppane, så er det avmarsj. Det er kanskje litt tidleg å starte på eit kvitt brudesjal? Hehe. 


Novembersokkane Miss Marple har akkurat fått sine siste trådar festa, så her er dei. Garnet er Arwetta frå 123knit, pinnen er 2,5 mm. Litt stramme over hælen når eg skal ta dei på, men det er ikkje verre enn at det går. 








Så kjem dei nok ein pulsvarmar - det vil seie to. Mønsteret fann eg i Norsk Ukeblad nr. 48 i 2008. Det kjem ikkje så godt fram på biletet, men det går i spiral rundt (og rundt og rundt og rundt og ...).





Til slutt blir det eit par luer. Den første er Lina. Det kjennest som om eg har venta på å strikke denne i årevis, og endeleg fekk eg somla meg til det. Likar så godt fargen! Garnet kjøpte eg i London, det er Country Style frå Sirdar. Trur eg brukte pinne 3,5. Det gjorde eg sikkert. Det gjer eg som regel om eg er i tvil!



Eg har strikka ei Selbu Modern-lue tidlegare, men no var det på tide med ei i svart og lilla. Det vart Finull denne gongen også, på pinne 2,5. Ho vart mykje finare etter ei aldri så lita blokking, stappa ho full av avispapir til ho fann forma si og lot ho tørke. Det er like mirakuløst kvar gong maskene finn seg til rette!









Sånn, no må det vel vere slutt for i dag? Eg trur jammen det. God førjulshelg til alle! Hugs å slappe av innimellom slaga. :)

søndag 22. november 2009

Frå tå til topp

... viss ein strekk hendene over hovudet, då. Dette er pulsvanteposten min, det er nemleg lett å få dilla på ting! Det heile starta med dei lilla i juli som ei venninnegåve, og då fann eg ut at dette var jo faktisk ganske kjekt. Det var nesten sokkar, berre endå raskare og enklare! Eg er verkeleg ein frysepinn, så klesplagg som dette er redninga mi på slike dagar då hanskar blir litt voldsomt (og hanskar blir uansett voldsomt når ein er innomhus). Eg starta på eit nytt par i kveld for å ha noko å gjere fram til neste spor i mysteriesokken kjem i morgon, veldig kjapt og greitt arbeid er det som regel også. Utan tommel er det jo endå lettare! (Eg er altså frelst, om nokon ikkje har fått det med seg.)






Første par ut er Yummy Mummy (linken er til oppskrift omsett til norsk) av Alexandra Brinck. Desse vart veldig veldig fine i ferdig tilstand, men medan eg strikka dei heldt eg på å irriterre vettet av meg. Garnet eg ville bruke (eit eller anna tysk alpakkagarn, hugsar diverre ikkje merket) var litt tjukkare alpakka enn det som var bra, så då måtte eg til med pinne 2 mm. Og det vart eit pirkearbeid utan like, rundpinnen min var kjempefæl og ville berre krølle seg, og eg strikka så stivt at eg fekk vondt i hendene. No er det godt å tenkje på at det er over! Synest dei er ganske lekre, så det var absolutt verdt det.



Dette er Merletto Mitts av Jody Scofield, gå litt ned på bloggen så ligg oppskrifta der. Brukte Sisu og pinne 2,5 mm, dei vart litt store, men elles greie. Hugsar eg synest dei var veldig kjekke å strikke.





Notwoven Fingerless Mitts av Zortified, mønsteret ligg på Ravelry. Mannepresang! Dobla Peruvian Highland Wool frå Filcolana/123knit med ein brun alpakkarest, og vart veldig nøgd med den kombinasjonen. Kjende verkeleg at det vart mjukare, og det fekk også eit litt meir spennande fargespel.



Desse er berre 2 r, 2 vr. Garnet er det same grøne alpakkagarnet som i Yummy Mummy, og så er det nok ein alpakkarest, svart denne gongen. Igjen likte eg blandinga veldig godt, dette må eg gjere meir av!



Til slutt for denne gong kjem Fetching, det utruleg populære mønsteret av Cheryl Niamath. Temmeleg ukomplisert og greitt, men det ser likevel bra ut. Garnet er ganske tjukt til å vere pulsvantar, så det går også fort og gæli! Eg brukte Lima frå Hjertegarn.


No skal vel hendene halde seg varme framover! Merker godt at vinteren snart er her, det er noko med lufta som bit litt ekstra i halsen når ein pustar inn. I år skal vi prøve å finne på litt meir med juledekorasjonen, har ikkje vore så ivrige tidlegare. Stjerne og stake er sjølvsagt på plass, men litt meir kan jo og gå an. Eg har i alle fall julestrømpa klar! Har lyst til å lage sjølv, synest det er hyggelegare slik. Eg får sjå kva eg ramlar over av ideear, kanskje nokon av dykk som les her har noko å kome med? Det er jo mykje fint å få kjøpt også, sjølvsagt - døgnet har jo framleis berre 24 timar, dessverre! 

lørdag 14. november 2009

Tilbake frå intet






Ja, kva skal ein eigentleg seie ... Det er i alle fall lenge sidan sist! Og då tek eg ikkje spesielt hardt i. Vel, det som eigentleg ikkje var meint som noko pause trakk litt vel langt ut, og plutseleg var det gått altfor lang tid til å berre orsake seg og seie ein hadde vore på ferie. Eg har rett nok vore på ferie, men den varte diverre ikkje så lenge som mange månader! Biletet over er frå i sommar, der er lov til å drøyme seg tilbake, ikkje sant? Strikkinga har eg i alle fall ikkje hatt pause frå, og eg kan mellom anna melde om auka entusiasme for sokkar. Dette er eg litt overraska over sjølv, men det gjer jo slett ingenting! Eg trur eg berre skal ta ting litt etter kvart, og startar no i første omgang med ein liten sokkepost.

Hausten går no sin gong. Eg merker veldig godt at omtrent før eg rekk å blunke meg vaken så er dagsljoset vekke - det er ikkje så lett å kome seg ut når det er slik. Det går seg vel til etter kvart, men det er ikkje noko særleg sånn i starten. Om ikkje anna er det ein perfekt grunn til å grave fram absolutt alle pledda i huset og lage seg eit lite sofarede med ein god TV-serie på DVD.

Håpar de alle har det fint! Eg har ikkje lese bloggar på lenge no, og eg gledar meg til å kikke innom her og der og sjå kva for nytt som er skapa sidan sist. Eg kjenner det på meg at det er mykje fin inspirasjon å få! (Og fleire mønster til den eviglange strikkekøa.)






Desse sokkane er Baudelaire av Cookie A. Eg tok dei med på årets ferie av ganske enkle grunnar: Kva skal ein strikke når ein knapt klarar bere ryggsekken allereie før strikketøyet er pakka? Svaret er sjølvsagt sokkar. Og dette var starten på det store sokkeeventyret. Eg fekk litt blod på tann etter dette, og heiv meg over eit par til min kjære. Dette var enno ikkje nok, og før eg visste heilt kva som hadde skjedd hadde eg meldt meg på Sockdown 09/10. Det har vist seg å vere veldig kjekt og lærerikt, og enno har vi ikkje bikka årsskiftet. Baudelaire var mitt første par som er strikka frå tåa og opp, noko som på eit mystisk vis verka som om det gjekk fortare enn den andre vegen. Det finst vel lite statistikk på dette ...





Dette er sokkane eg kokte ihop til min kjære, av di han vart så misunneleg på dei flotte grøne sokkane som eg laga til meg sjølv. Han ville ha ein passe nøytral farge, og blei faktisk med til garnbutikken for å velje garn sjølv. Eg såg mitt snitt til å få eit par ekstra garnnøster med på kjøpet som takk for strikkejobben, så no har eg to herlege knallrosa sokkegarnnøster som ventar i hylla. Flettene tok eg med fordi han ville "det skulle skje noko" i sokken, og eg lot ei flette gå ned til tåa på kvar side. Synest ikkje det blei så verst, eg. Garnet er frå Regia.





Denne gule greia er min første sokk i Sockdown 2009, altså septembersokken. Utfordringa var å strikke med gult garn, og det måtte eg sjølvsagt ut og kjøpe. Det er ikkje akkurat eit fast innslag i fargepaletten min, men eg må innrømme at eg kom verkeleg i godt humør av å halde på med noko gult. Eg har jo litt restegarn igjen, så det blir nok eit eller anna gult ein annan gong også. Mønsteret er Peace Socks av Wendy D. Johnson og garnet er PT5. Diverre passa dei ikkje heilt bra til føtene mine; dei går såvidt over hælen, men eg er redd for å rive heile sokken i stykker. Det er nok mønsteret som ikkje er så elastisk. Desse hamnar nok i gåvekorga.



Her er årets julepynt! I oktober kunne ein i Sockdown velje litt ymse, eg landa altså på julestrømpe. Mønsteret er Falling Snow Stocking av Jennifer Hoel. Eg la til ei lita hempe i toppen så det skal bli enklare å henge ho opp når den tid kjem. Garnet er Peruvian Highland Wool frå Filcolana, rett frå 123knit. Fantastisk side, har handla ein del der no, og meir skal det bli! Arwetta-sokkegarnet er herleg, og for ikkje å snakke om billeg.




Og til sist har vi her novembersokken i Sockdown, Miss Marple designa av Star Athena. Dette er eit mønster i fleire delar, så no held eg på med del nummer to. Det er litt av eit diagram ein skal gjennom, men så blir det jo litt rutine etter kvart. Heldigvis! Så no skal eg vende nasen mot sofaen - kveldens mål er å strikke på sokkane til eg stupar!

tirsdag 23. juni 2009

Ram på rammer



I dag har eg gjort noko litt uvanleg for meg, det har vore som eit slags sommarverkstad her i huset. Sjølvsagt ser det ut som ei slagmark her no, men sidan eg no er voksen kan eg altså velje å vente med å rydde opp. Ha! Eg fekk altså for meg å lage bilete, litt store, til å henge på veggane her - det er så tomt og kvitt framleis, og det må eg jo før eller seinare få ein slutt på. Ferien har altså starta, og då har eg jo faktisk tid til å dra til Maxbo, svime rundt der i ein time medan eg sakte raskar saman det eg skal ha (skal eg kjøpe 30 mm eller 40 mm spiker? 60 eller 100-sandpapir?), sitje på balkongen i solsteiken og pusse avkappa trelengder og så gå i gong med prosjektet "Lag ein sløydbenk ut av eksisterande møblement - bruk gjerne fantasien".

Det er lenge sidan eg har snikra noko no. Vi hadde jo sløyd på skulen, og eg likte det, men eg tok ikkje akkurat arbeidet med meg heim. Når eg tenkjer tilbake på det, var det rett nok lite snikring og mykje pussing. Alltid skulle vi pusse ned det vi heldt på med med det evinnelege sandpapiret. Vi surra det rundt treklossar eller tjukke filer og pussa i to skuletimar. Så heiv vi den nedslitne sandpapirbiten ned i felleskassa så den neste klassen kunne få velje - ville dei ha ein sliten eller veldig sliten bit? Eg hugsar dei gamle benkane vi brukte, korleis vi spente fast dei små prosjekta våre, og korleis vi pussa og pussa. Det var lite hamring og mange strøk.

Så det var ikkje så rart at eg kom på at eg måtte ha sandpapir på Maxbo. Eg kjøpte ein fancy slipesvamp. Då eg pussa, var eg slik inne i det at eg sleit hòl på den eine sida. Resten av besøket mitt var forresten veldig hyggeleg. Tapetbitane fekk eg gratis, i forkledning som prøvar, og bitane eg skulle snikre ramme av, fekk eg kappa på staden. Eg fann dei blant listverket, heldigvis fann eg bitar som var heilt rektangulære mellom alle dei moglege formane ei list kan ha.



Vel heime sette eg i gong med friskt mot, som vanleg er med meg i starten av noko nytt. Eg fann raskt ut at det ikkje ville fungere å halde den lange biten fast mellom beina medan eg spikra fast den korte biten på toppen ... Løysinga var altså å bevege seg mot kjøkkenbordet, og her fann eg etter litt ein velfungerande, om upraktisk, arbeidsmetode. Eg trur dette må vere den mest uergonomiske arbeidsstillinga eg nokonsinne har innteke - eg stod på ein fot, bøygde overkroppen til venstre så eg kunne leggje høgre kne og legg oppå trelengda som balanserte oppå bokstabelen av pocketbøker. Høgre hand kunne så snikre i veg om eg berre vrei albogen til venstre, og venstre hand hadde vær så god å halde fast den lange pinnen som stod på ei avis på golvet. Men rammene vart ferdige dei, og då er det jo greitt!





Så var det berre å leggje tapetbitane på golvet (greitt å ha eit relativt reint golv om ein skal gjere dette, forresten - lær av andre sine feil!) og ramma oppå. Tida var inne for å feste tapetet til ramma, og då fann eg to alternativ. Små spiker eller maskeringsteip. Eg landa etter kvart på maskeringsteip, rett og slett fordi eg ikkje hadde fleire spiker som var små nok. Eg har rett nok omtrent 988 stykker att frå boksa eg kjøpte, men dei var altfor lange til å brukast på den sida av ramma. Teiknestiftar hadde vore greitt også, så når maskeringsteipen min går opp i liminga skal eg stifte tapetet fast med stiftane eg kjøpte etter at bileta var ferdige (litt utolmodig, men det får no vere). Her kan de sjå korleis eg gjorde det i hjørna for ikkje at ramma skal sjåast. Fest sida med den store flappen først, og legg den andre sida oppå der igjen. Fest tapetet godt rundt heile ramma.





Og så - ferdig!











No skal desse opp på strategiske punkt her heime for å få bukt med alt det kvite. Og så skal eg leggje til ein sløydbenk på teikningane til draumehuset!

Om nokon vil lage desse heime, så kan det vere lurt å passe på at trelengdene er rektangulære. Eg brukte spiker som var 40 mm lange og 1,7 mm i diameter, dette trur eg var maksimum for akkurat desse listene. Puss endane med sandpapir før du spikrar ihop så ingen stikk seg på fingeren. Sjølvsagt kan ein bruke anna enn tapet, t.d. stoff eller kanske strikketøy? Maskeringsteippatentet mitt trur eg ikkje held så lenge, men det gjer det i alle fall lett å byte ut tapetet med eit anna mønster! Men det ein vil ha av, får ein nok av til slutt - vil tru det er betre med teiknestiftar i metall. Dei små spikrane reiv nokre plassar berre hòl i tapetet, og så var eg like langt.

Lukke til i alle fall! Til slutt må eg få vise dykk noko - eg fann ein slik nydeleg vakker blogg i går, og den inspirerte meg verkeleg til å ta litt tak i dette med å forskjønne omgjevnadane mine med noko heimelaga. Mali-mo heiter den - eg fall pladask.

fredag 12. juni 2009

Zzz ... (?)


Kva skal ein eigentleg gjere når ein vaknar halv fem om morgonen og ikkje får sove? Det rette svaret slo meg etter nesten ein halvtime med fåfengte forsøk på å sovne att: Stå opp og strikk! Eg tenkte dette skulle gjere meg passe søvnig igjen og klar for senga etter ein times tid. Problemet mitt no er at eg så gjerne vil vere oppe og strikke ferdig!

Eigentleg har eg det ganske fint akkurat no. Eit glas vatn for å prøve å få kroppen til å gløyme dei mange vinglasa i går kveld, litt Beethoven på stereoen, og eit prosjekt som går radig framover. Eg må nok betale i dyre dommer for dette resten av dagen om eg no ikkje tek og legg meg snart, men det er jo grenser for kva ein skal tvinge kroppen til å gjere. Det er jo tydeleg at akkurat no vil han berre strikke, og då skal ikkje eg leggje meg opp i det ...

I dag er det jo også fredag, og eg skal verkeleg prøve å gjere ein innsats med glamorøs fredag for ein gangs skuld. Om du er nysgjerrig på dette konseptet, stikk innom Glamourbibliotekaren. Og nei, det er ikkje snakk om glamourmodellglamour, men heller det lille ekstra i kvardagen som får ein til å føle seg litt spesiell. Eg heller så langt mot kafébesøk, ein tur innom ein bruktbutikk eg har sett på når eg har sykla forbi, min nye Chanel-parfyme og eit nytt smykke eg fekk av min kjære i forrige veke. Det er jo ikkje utenkjeleg at eg skulle tenkje på meir i løpet av dagen, klokka er jo trass alt berre seks!

Når det er sagt - kanskje skulle eg ha tusla tilbake til senga snart? Rett nok er det ikkje mykje søvn eg kan få før eg må opp igjen - kanskje er det best å utnytte denne tida godt til å strikke litt til! Ha ei god helg!

onsdag 10. juni 2009

Rotete? Rydd! Garn? Strikk!



No kjenner eg verkeleg at ferien er rundt hjørnet - det er så godt å setje seg ut i sola og kose seg i varmen! Rett nok held eg ikkje ut meir enn ein halvtime i strekk i den verste varmen, og å gå inn igjen er vel så bra som å setje seg ut. Men i det minste har ein eit val, og det er jo ikkje alltid utemøblane er eit godt alternativ til sofakroken. Bileta over er av orkideen min i full blomst, nok til å få meg i godt humør om morgonen.

Her i huset har vi også blitt bitt av rydde- og fiksebasillen, og med den største iver har eg no rydda i gamle papir, makulert sensitive opplysningar, handla inn fine krukker til pasta og mjøl, og fått orden på skokaoset i gangen. Gjett om hjartet veks kvar gong eg går forbi det flotte skostativet! Eg skjønar ikkje kvifor dette ikkje har vore gjort for lenge sidan (eller det skjønar eg forresten ganske godt - det er noko som heiter tiltak som vi ikkje har hatt så mykje av). Enn så lenge må eg nok nøye med meg å drøyme om store flotte kjøkken med mykje benkeplass, men i mellomtida skal eg prøve å halde den vesle plassen eg har ryddig. Det skal ikkje så mykje til før det ser rotete ut på liten plass, og når eit skittent glas først står der, er terskelen for å setje det neste der plutseleg mykje lågare. Eg trur det rett og slett dreier seg om å berre rydde på plass igjen det ein tek fram. Det høyrest lett ut, men i praksis ... vel.

Men eg ryddar ikkje så mykje at eg ikkje får tid til å strikke, altså. Det skal vel noko til! Her kjem eit lite babysett, eit par sokkar og eit skjerf.

Babyjakka er February Baby Sweater av Elizabeth Zimmermann, mønsteret har eg i Knitter's Almanac. Har alltid hatt lyst til å lage denne vesle jakka, og fann endeleg ut at mitt eine nøste av Cherry Tree Hill Supersock Solids var perfekt til dette. Lua fann eg ein link til på Ravelry, det var ei som hadde laga mønster og lagt det ut her. Hadde akkurat nok garn igjen til å lage lua også, så den var eg heldig med! Settet blir nok lagt i gåveskuffa det også. Strikka begge på pinne 3,5.











Sokkane er laga etter mønsteret Retro Rib Socks i boka Favorite Socks frå Interweave. Garnet er Wolle Rödel Sport & Strumpfwolle Extrastark. Har faktisk eit halvt nøste igjen, så eg må pønske ut noko der. Har brukt sokkane mykje, er veldig glad i den fargen og synest dei blei veldig gode å ha på.







Skjerfet er Coin Lace Scarf av Shui Kuen Kozinski. Mønsteret kom kanskje ikkje veldig godt fram med dette garnet, Rowan Donegal Lambswool, men så likar eg fargen, då. Og då er det meste greitt!





Då skal eg halde fram med nok eit par sokkar, som faktisk ikkje er til meg. Eg er invitert i bryllaup i sommar, og har tenkt ut noko som eg håpar vil falle i smak. Eg skal uansett ha med ei anna gåve, men eg tenkte eg ville gje noko litt meir personleg også. Men ferdige er dei ikkje enno, så den som lever, får sjå!